UNG 2016

Med prosjektet ”Ung 2016” inviterer SoFt, DKS og grunnskular i Sogn og Fjordane til eit unikt samarbeidsprosjekt. Truleg er det første gongen eit slikt prosjekt finn stad her i landet.

Gjennom dette prosjektet ynskjer SoFt og DKS at barn og unge ikkje berre skal vere tilskodarar, men aktive deltakarar, at dei skal skape kunst og sjølve vere utøvarar og aktørar.

I seks veker, på seks ulike skular, skal det utarbeidast seks ulike sceniske framsyningar i samarbeid med over 300 elevar frå fylket. Ei veke på kvar skule med framsyning på den lokale teaterscena.

Nadja Raszewski er ein tysk koreograf, regissør og teaterpedagog. Ho skal leie prosjektet saman med det kunstnariske teamet sitt.

”I mitt arbeid med tenåringer og ikke profesjonelle aktører er det viktig for meg å skape et rom hvor utøverne får mot og anledning til å finne deres eget bevegelsesmateriale, deres eget individuelle og personlige uttrykk. Deltakerne skaper sitt eget dansemateriale, som igjen blir koreografisk bearbeidet, redigert og jobbet med.

Mitt prosjekt er et kunstnerisk prosjekt, fordi det alltid dreier seg om fantasi og kreativitet. Men det er viktig å se og respektere de ulike ungdommers personligheter og behov og ikke kjempe for egne kunstneriske visjoner samme hva!”

-       Nadja Raszewski

Prosjektet er støtta av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
 


Urpremière i Teatersalen i Førdehuset 30.januar

Øvre Årdal 6.februar
Hornindal 12.februar
Lærdal 27.februar
Sogndal 5.mars
Sandane 12.mars


KOREOGRAFI/REGI
Nadja Raszewski

VIDEODESIGN/PRODUKSJON
Oliver Raszewski

LYDDESIGN
Michael Gould

KOREOGRAFISK ASSISTANSE

Frå Tyskland:
Lea Svenja Dietrich, Daniela Grosset, Johanna Jörns, Camilla Przystawski, Johannes Schuchardt, Christina Wüstenhagen

Frå Norge:
Iselin Aamodt Borgan, Heidi Jessen, Chriz Nypan

MEDVERKANDE

Elevar frå Førde ungdomskule, Farnes ungdomskule, Hornindal ungdomskule,

Lærdalsøyri skule, Kvåle skule og Gloppen ungdomskule


Turne i samarbeid med: