Kjære publikum

KJÆRE PUBLIKUM

Visjonen til Sogn og Fjordane Teater (SoFt) er å røre folk med opplevingar dei ikkje har hatt før, tufta på verdiane engasjert, modig og inkluderande. Vi vil gjere visjonen verkeleg ved å spele nye stykke med historier som vi håper både kan underhalde og utfordre publikum.

Alt teater handlar djupast sett om korleis menneske handlar overfor kvarandre når dei kjem opp i konfliktar. 2015 står i venskapen og kjærleikens teikn ved Sogn og Fjordane Teater.
Vi presenterer eit mangfald av stykke som på ulikt vis prøver å forstå kva som skjer når venskap og kjærleik blir utsett for harde prøvar. Og det er venskap og kjærleik i alle slags former – mellom ektefellar, mellom born, mellom unge og vaksne, mellom menneske og staden dei bur på.

Dette året er mitt siste som teatersjef ved SoFt. Eg vil takke publikum for at de har kome og sett det vi har hatt på hjartet dei tolv åra eg har vore her. I løpet av desse åra har vi sett opp nærmare 50 urpremierar.
I nokre av høva har målet vore å underhalde og å vere politisk engasjerande, i andre å framstille og utfordre den vestnorske identiteten, ved bruk av tema og stoff som har røter i eller vedkjem folk i regionen.
Vi gjer ikkje noko unntak i 2015. Heile fire urpremierar står på menyen, og det finst noko for alle aldersgrupper.

I ei tid der digitaliseringa har teke overhand, og få opplevingar skjer her og no, er ei ”live”- oppleving som teater meir unikt enn nokon gong. Om du tek sjansen på å blir rørt av ei oppleving du ikkje har hatt før, er eg sikker på at du finn noko som passar for deg.

Hjarteleg velkomen til SoFt sine framsyningar i 2015!

Terje Lyngstad
Teatersjef