Première 5. juli 2017

 

Legenda om Sta. Sunniva er ein av fylket sine mest kjende forteljingar. 

Sommaren 2017 går Sogn og Fjordane Teater, regissør Mette Brantzeg, musikar Gro Marie Svidal og Førdefestivalen saman om å lage ei interaktiv og samtidsorientert danseframsyning om den gudfryktige kvinna. Her vert skilje mellom scene og sal viska ut, og publikum får oppleve dans og musikk på nært hald. 

"Sunniva no" er ei interaktiv danseframsyning om tru, tvil, maktbruk og mellommenneskelege relasjonar bygd på historia om Noreg si første og einaste kvinnelege helgen.

Denne samtidsorienterte danseproduksjonen reflekterer kring tema om legenda Sta. Sunniva og dei mange notidige assosiasjonane den vekker i oss. Sta. Sunniva er den norske varianten av den meir kjende legenda om Ursula. Den strekker seg tilbake til middelalderen då Noreg gjekk frå heidensk til katolsk tru. I følgje legenda reiste Sunniva frå heimlandet sitt, og la ut i det ukjende for å kunne halde fram i trua på Gud. Ho var villig til å døy for trua si.

Kva fortel det oss i dag? Kva vil det seie å vere einspora, ja så einspora at du ønskjer forfølgje dei som tenkjer annleis enn deg? Kva om det finst fleire sanningar? For kven har makt over deg? Og kva er du villig til å ofre livet ditt for? Det er lett å sjå likskapen mellom Sunniva si farefulle reise frå Irland til Noreg, og hendingar vi kjenner frå vår eiga tid. Vi er heller ikkje framande for ordet martyr. Og kva med vår tid sine falske nyhende? Er det skilnad på det og den propaganda presteskap og kongsmakt nytta for å samle Noreg til ei tru og eit rike?

I Sunniva no viskar utøvarane ut skilje mellom scene og sal og lar publikum oppleve dans og musikk på nært hald.

MEDVERKANDE: Gro Marie Svidal | Torill Steinjord | Vetle Springgard | Martin Myhr

REGI/KOREOGRAFI: Mette Brantzeg
MUSIKK: Gro Marie Svidal
SCENOGRAFI: Erik Annar Evensen
LYS: Atle Øydvin

 

I samarbeid med Førdefestivalen