Så vakker du er

Det er rart, sa eg.
Kva då? svarte Kjersti.
Kor glad og ulykkeleg ein kan vere på same tid, svara eg.

Det er sommar, og alt er annleis. Onkel Simon flyttar inn hos Henrik og mora. Simon og Henrik har alltid hatt eit nært forhold, men no er Simon sjuk, veldig sjuk. Henrik fortel Simon at han har kyssa Kjersti, ei jente i klassa, men sanninga er at han ikkje torde. No har Kjersti vore på ferie i Italia, og Henrik lurer på om ho har sakna han.

Eit ungt kraftlag frå fylket står bak denne framsyninga, når musikar Thea Hjelmeland og regissør Miriam Prestøy Lie går saman om å iscenesetje Brynjulf Jung Tjønn sin brageprisvinnande ungdomsroman. Så vakker du er fortel historia om ein gut som er i ferd med å bli ein mann, mens ein annan ung mann visnar bort. Men mest av alt handlar det om at ein må gripe dei sjansane livet gir.

 

 


Urpremière i Teatersalen i Førdehuset 9. januar 2016

Turné: Januar 2016


AV
Brynjulf Jung Tjønn

DRAMATISERING OG REGI
Miriam Prestøy Lie

MUSIKK
Thea Hjelmeland

SCENOGRAFI OG KOSTYME
Dagny Drage Kleiva

VIDEODESIGN
Åsmund Bøe

MEDVERKANDE
Thea Hjelmeland
Idun Losnegård
Kyrre Eikås Ottersen
Petter Winther

LYD
Robert Tomkiewicz
LYS
Atle Øydvin
TEKNIKK
Halldor Horne


 


Turne i samarbeid med: