Randolf Walderhaug

Randolf er utdanna skodespelar ved New York University sitt teaterprogram og vart uteksaminert i 1984. Han har vore fast tilsett på Den Nationale Scene og Teatret Vårt i Molde. Randolf har jobba frilans med base i Oslo sidan 2007. Han har spelt på dei fleste teatra i landet. Vi kan nemne roller som Gregers Werle i Vildanden, Orestes i Orestien, Peachum i Tolvskillingsoperaen og Shylock i Kjøpmannen i Venetia. Randolf har gjort monologane Ingen Vei Tilbake og Nittenhundre.  Han har vore med i Fundamentalisten på Det Norske Teatret 2011 og gjorde Christian Michelsen i Harry og Charles på NRK. Elles har det blitt mange roller i både TV og film. Randolf var nominert til Heddaprisen i 2006 for Per Degn i Erasmus Montanus. I tillegg underviser han i skodespelarfag ved NSKI.

Urpremiere i Bergen  fredag 6. september. Stykket blir spelt på scene 3 på Det Norske Teatret i oktober og skal på turne i Sogn og Fjordane 11. november - 7. desember.


Med tekstar av Ola E. Bøe og Bodil Kvamme

REGI:
Ingrid Weme Nilsen

MEDVERKANDE:
Siren Jørgensen Katrine Lunde Mackenzie
Randolf Walderberg Carl Fredrik  Falkenberg
Rannveig Ryeng
Ole Marius Melhuus