PÅ LOKALET

Ungdomshuset, Folkets hus, Grendahuset, Lokalet, kjært barn har mange namn. Alle som vaks opp i distrikts Norge i etterkrigstida har på ein eller annan måte eit forhold til dette lokalet. Her vart det arrangert dansefestar, folkemøte, basar, trimparti og danseskular. Lokalet vart flittig brukt av folk frå alle samfunnslag. I sentrum stod gjerne det gode, norske uttrykket dugnad. Gjennom felles innsats vart det skapt minne for livet.

Samhald, gryande kjærleik, avvising, den elleville fylla, den første klossete dansen, eller det famlande tungekysset bak hushjørnet – alle har vi ulike bilete med oss frå lokalet i bygda vår. Nokre beherska denne sosiale arenaen til fulle, medan lokalet baud på større utfordringar for andre. Med kjensler og livsskjebne på utstilling framfor alle vart huset åstad for skjellsettande opplevingar i mange sine liv.

Utafor lokalet gjekk verda vidare og samfunnsutviklinga sin skeive gang. Vår nære fortid, landet og verda gjekk gjennom store endringar, medan dansen gjekk på lokalet. Samværet og dansen forandra seg også, verda vart aldri den same igjen.

"På lokalet" er ein hyllest til huset vi møttest i. Viss veggane kunne snakke, seier vi ofte, men her skal vi la dansen fortelje historia. Huset såg folk kome og gå, danse, sladre, forelske seg, skiljast, bli gamle. Livets dans vart dansa på lokalet.

Velkomen til fest på lokalet!

 

MEDVERKANDE: 
Anette Stokke | Anne Guri Tvedt | Christer Tornell | Erlend Auestad Danielsen | Idun Losnegård |
Jørn-Bjørn Fuller-Gee | Martha Standal

SPELEPLASSAR:
  2. september      Førde, Viking  UTSELT
  3. september      Førde, Viking  UTSELT
  6. september      Innvik, Heimlund  UTSELT
  7. september      Breim, Breimshallen  UTSELT
  8. september      Stadlandet Grendahus
  9. september      Førde, Viking  UTSELT
10. september      Ålhus, Borgja  UTSELT
13. september      Holmedal Bygdehus  UTSELT
14. september      Værlandet Ungdomshus
15. september      Dale, Trudvang  UTSELT
16. september      Solund Grendahus
17. september      Bygstad Ungdomshus  UTSELT
20. september      Feios Ungdomshus
21. september      Ungdomshuset Leikvang, Leikanger
22. september      Eivindvik Ungdomshus
23. september      Åfjorddalen Ungdomshus
24. september      Naustdal, Fosshalla 
25. september      Flora Samfunnshus

 


Urpremière 2. september
Førde, Viking
Turné: september


KOREOGRAFI/ REGI
Arne Fagerholt

KOSTYMEDESIGN
Dordi Strøm

MASKØR/SMINKE
Live Brendmo Søreide

LYD
Robert Tomkiewicz

LYS
Krystian Myska

TEKNIKK
Odd Magne Herland
Tore Eide

Foto: Oddleiv Apneseth


teaterfestivalen jpg.jpg

Sogn og Fjordane Teater er ein av Teaterfestivalen i Fjaler sine hovudsamarbeidspartar. 
I år spelar teateret "På lokalet" i samfunnshuset Trudvang 15. september på festivalen!