Otto Homlung

Otto har vore regissør, dramaturg og teatersjef gjennom over 40 år på ymse norske teatre. Gjennom to periodar var han teatersjef på Trøndelag Teater (1984-1989 og 2005-2010)og på Det Norske Teatret frå 1990-1997. Han har gjort ei lang rekkje dramatiseringar av mellom anna romanar av Olav Duun, Johan Falkberget, Tarjei Vesaas og Anne B. Ragde. Han har gjesta SoFt ein gong tidlegare med manus og regi på Brenningmysteriet i 2011. Homlung er æresmedlem i Norsk Teaterlederforum og sit i Styret for Nord-Trøndelag Teater.  Dei tre siste åra har han vore tilsett som dramaturg og instruktør på Det Norske Teatret.

 

Urpremiere i Førde torsdag 26.september

På turnè i Sogn og Fjordane 28. september - 31. oktober


AV
Otto Homlung

REGI:
Otto Homlung

SCENOGRAFI OG KOSTYMEDESIGN
Bård Lie Thorbjørnsen

MEDVERKANDE
Roger Hilleren
Idun Losnegård
Rickard Olsen
Kyrre Eikås Ottersen
Aage Vaksdal