Sogn og Fjordane Teater

Sogn og Fjordane Teater (SoFt) er regionteater i Sogn og Fjordane med Sogn og Fjordane fylkeskommune og Førde kommune som eigarar. Teatret vart etablert i 1977 og har staten som største tilskotsytar. Administrasjon, scene og verkstadar ligg i Førdehuset. SoFt har i dag 18 fast tilsette. Teatret har nynorsk som scenespråk og har dei siste åra satsa sterkt på ny norsk dramatikk med historier frå regionen. SoFt har motteke fleire prisar:

Antirasismeprisen 2005 frå Årdal kjemiske arbeidarlag
Heddaprisen 2006 for særlig faglig innsats
Håndtrykket 2007 frå Norske dramatikers forbund
Heddaprisen 2010 for særlig kunstnerisk innsats 

 «Vi skal røre folk med opplevingar dei ikkje har hatt før»

 Denne visjonen er bygd på verdiane modig, engasjert og inkluderande.