Olav Stedje
 

Olav Stedje frå Sogndal er songar og låtskrivar, kjend frå ei rekkje musikkalbum, seks sølvplater og deltaking i Melodi Grand Prix i 1983, 1985 og 1987. Etter å ha spelt i lokale Compact og Ole Brums orkester utkom debutalbumet Ta meg med i 1981 der Lava medverka. Den resulterte i fleire Norsktoppenplasseringar med hit som Vi vandrar saman og Når ho er hjå meg. Olav var óg vokalist med Lava. Debuten vart etterfølgd av Stedje (1982) og Trede stedje (1983). Sistnemde vart tildelt Spellemansprisen 1982 i klassa pop. Deretter kom barneplata Rocken bom (1984) og storseljaren Silje (1984). Med Jonas Fjeld som produsent følgde Når sola renn (1986), Eg kjem likevel (1987) og Ei gåve til deg (1990). På selskapet Tylden&Co utkom hans tre siste album Bot og bedring (1985), 21 beste (1998) og Livstegn (2006).

Urpremiere i Førde torsdag
22. februar

Speleperiode 21. februar -
29. mars


AV
Claus Sellevoll m.fl.

REGI:
Arvid Ones

MEDVERKANDE

Annlaug Børsheim
Claus Sellevoll
Olav Stedje
Aage Vaksdal