Mensen Ernst - løpekongen frå Sogn

Stykket har fått veldig fine kritikkar etter urpremieren: 

"Underholdende teaterskrøne om løpelegende" Dagbladet. Les heile meldinga i Dagbladet her.

"Dei eg snakka med etter framsyninga var samde, og ein kan samanfatte det dei sa til meg med ordet "fantastisk". Dette samsvarte med stemninga i salen"... "Humoren er basert på karikerte og godt spelte biroller..." Firda

"Stor teatersiger for "Løpekongen frå Sogn"" "Alle bør sjå dette stykket og vere stolte over kva vi får til i Sogn og Fjordane, og over at Mensen Ernst kom her ifrå" Sogn Avis

Dette er den fantastiske historia om Mensen Ernst (1795-1843). Han var ein norsk sjømann og vandrar frå Fresvik i Sogn og Norges første profesjonelle idrettsutøvar. I 1819 sprang han sitt første lange løp, frå London til Portsmouth. Distansen var 116 km og han heldt ein gjennomsnittsfart på 13 km/t. Dette var opptakta til ei rekkje oppsiktsvekkande prestasjonar. Ein av dei mest kjende er Paris – Moskva, ein distanse han la bak seg på 14 dagar. I dette stykket blir vi med Mensen Ernst kring i verda der han mellom anna deltek i alt frå veddeløp til å vere postbod for hertugar. Han møter kongelege, journalistar, politimenn og ei rekkje andre på si ferd. 


Anne Viken var på generalprøven. Les bloggen hennar her.

Sjå video etter pressevisninga på NRK Sogn og Fjordane. 

Mensen Ernst - løpekongen frå Sogn er SoFt sitt bidrag til 250 års jubileet til Sogn og Fjordane fylke. Det blir opne framsyningar om kvelden i tillegg til framsyningar i Den kulturelle skulesekken på dagtid. Stykket blir spelt under Teaterfestivalen i Fjaler 5. oktober.


Urpremiere i Førde torsdag 26.september

På turnè i Sogn og Fjordane
28. september -
31. oktober


AV
Otto Homlung

REGI
Otto Homlung

SCENOGRAFI OG KOSTYMEDESIGN
Bård Lie Thorbjørnsen

LYSDESIGN
Arne Kambestad

MEDVERKANDE
Oda Alisøy
Roger Hilleren
Idun Losnegård
Richard Olsen
Kyrre Eikås Ottersen
Aage Vaksdal


MEDVERKANDE