Linda Øvrebø

Linda er utdanna cand. musicae ved Bergen Musikkonservatorium og Norges Musikkhøgskole. Ho mottok Ingrid Bjoner-stipendet i 1993, og etter å ha fått Rikskonsertane sin debutstønad, gav Linda sin debutkonsert i Universitetets Aula i 1995. Året etter fekk ho Kirsten Flagstad-prisen. I perioden 1996 – 1998 var Linda Øvrebø stipendiat ved Den Norske Opera. Sidan 1996 har ho hatt ei rekkje roller ved Operaen, mellom anna som Frasquita i Carmen, Pamina i Tryllefløyten og Adele i Flaggermusen. Lina har vore solist med alle dei store norske orkestra og stått på scena under  musikkfestivalar i heile landet. Linda spelte Margrethe i Audun Hugleikson, kongens mann i Jølster  (2002,2004), ho hadde hovudrolla som Violetta då Opera Nordfjord sette opp La Traviata (1999), og ho song Susanna i Figaros bryllup (2002). Linda var sist engasjert ved SoFt i framsyninga om Matias Orheim, der ho spelte kona hans, Marie (2010,2012).

 

Urpremière torsdag
11. september. 


Speleperiode i Sogn og Fjordane 12. september -3. oktober. Speleperiode i Hordaland 10. - 24. oktober.


AV
Edvard Hoem

KOMPONIST
Henning Sommerro

REGI
Yngve Sundvor

SCENOGRAFI OG KOSTYMEDESIGN
Bodil Bay Schultz

KOREOGRAFI
Ingeleiv Berstad

LYSDESIGN
Reidar Andreas Richardsen

SKODESPELARAR/

SONGARAR/
DANSARAR

Gunhild Hjertaas
Fredrik Høstaker
Katrine L. Mackenzie
Terje Tjøme Mossige
Kyrre Eikås Ottersen
Kristina Søetorp
Lars Sørbø
Ståle Ytterli
Linda Øvrebø

MUSIKARAR
Harald Dahlstrøm
Trond G. Dale
Edvard Mjanger
Ole Thomsen