Sogn og Fjordane Teater ønskjer også i 2017 å gje nye krefter høve til å forske i prosjekt som enno ikkje har hatt première på scena.

I eit laboratorium blir det forska. I dei vekebaserte Labprosjekta våre skal det forskast i sceniske tekstar og uttrykk. Vi inviterer til workshop for dramatikarar, instruktørar og skodespelarar. I år har vi invitert Miriam Prestøy Lie som er dramatikar og regissør. Prestøy Lie er godt kjent både på teateret og blant publikum i Sogn og Fjordane. Publikum vert invitert inn for å sjå og lytte til det vi skal arbeide med, og ikkje minst for å kome med innspel til ”forskninga” vår.

Prosjektperiode: mai 2017

Det vert også ein workshop med forteljarteater med Kyrre Eikås Ottersen, Idun Losnegård og Reidun Melvær Berge. Etter endt workshop vil små historier blir framført av skodespelarane, og dette er sjølvsagt for open scene med publikum.