Labprosjekt YOGAKRIGEN

Sogn og Fjordane teatre ynskjer å forske i prosjekt som enno ikkje har hatt premiere på scena. Denne sesongen presenterer teateret YOGAKRIGEN, som vi seinare håpar å sjå att som ei ferdig produsert framsyning. YOGAKRIGEN er eit teaterstykke skriven av Ingrid Jørgensen Dragland. Audny Chris Holsen som skal vere «verkstadleiar» på dette Labprosjektet.

Audny Chris Holsen studerte jus og teatervitskap før ho gjekk instruktørlinja ved Statens Teaterhøgskole 1995-97. Ho har brei erfaring som tv- og teaterregissør og har regissert fleire episodar av dei kjende seriane “Himmelblå” og “Hvaler”. Som teaterregissør har ho vore opptatt av samtidsdramatikk og har sett opp teaterstykke på mellom anna Det Norske teatret, DNS, Rogaland teater og Det Åpne Teater.

I eit laboratorium blir det forska. I dette vekebaserte Labprosjektet vårt, skal det forskast i sceniske tekstar og uttrykk. Vi inviterer til workshop for dramatikarar og skodespelarar. Medverkande i Labprosjektet er Reidun Melvær Berge, Idun Losnegård, Oda Alisøy Søvig og eit par andre skodespelarar. Totalt er det 5 skodespelarar som skal vere med her. Publikum blir invitert inn for å sjå og lytte til det vi skal arbeide med, og ikkje minst for å kome med innspel til ”forskinga” vår. 

Måndag 30. mai møtast skodespelarar, regissør og andre involverte i teaterproduksjonen for første gong. Dette første møtet med leseprøve får publikum også vere med på. Gjennom veka jobbar produksjonen seg gjennom manus, og fredag 3. juni blir publikum invitert tilbake for å sjå kor langt ein har kome med stykket på denne veka.

 



Prosjektperiode:
30. mai - 3. juni 2016
Teatersalen i Førdehuset
Arbeidsvising 3. juni kl 14:00-15:30


AV
Ingrid Jørgensen Dragland

VERKSTADLEIAR
Audny Chris Holsen

MEDVERKANDE
Idun Losnegård
Reidun Melvær Berge
Oda Alisøy
Arnhild Litleré
Linn Løvvik

KOREOGRAF
Sigrid Edvardsson


Prosjektet Yogakrigen skjer i samarbeid med Dramatikkens hus.