KVINNA FRÅ FØR

Frank og Claudia har levd i lag i over tjue år. Saman med tenåringssonen Andi har dei no pakka ned liva sine for å flytte til ein ny stad og ei ny framtid.  Men den siste kvelden i den gamle heimen vert annleis enn den vesle familien hadde tenkt seg. Då det uventa ringjer på døra, opnar dei opp for ei skulding frå fortida. For på dørstokken står Romy for å innkrevje eit løfte Frank gav henne for 24 år sidan. Eit løfte om evig kjærleik og truskap. For Romy er det ufatteleg at den gamle kjærasten hennar ikkje kjenner seg forplikta av denne gjelda, men no vil verje sin eigen familie. Det er dei to som høyrer saman. ” Vi var kjærestar og vi er framleis kjærestar”, seier ho. 

Kor godt kjenner vi eigentleg dei vi har valt å dele livet med? Kor sårbar er tilliten mellom ektefolk? Kor trygt er det livet vi skapar for oss sjølve og våre næraste når fortida kjem for å innhente oss? Kva er eigentleg dette løftet om kjærleik som vi gir kvarandre? 

Kvinna frå før er ei kompromisslaus spenningshistorie om fortid og notid – og om å love å elske og ære kvarandre heilt inntil døden. 

MEDVERKANDE:
Anna Dworak | Ida Løken Valkeapää | Kyrre Eikås Ottersen | Preben Lillebø Rongve | Reidun Melvær Berge

SPELEPLASSAR:
29. oktober          Førdehuset, Teatersalen   UTSELD
  2. november      Bremanger Idrettshall
  3. november      Flora Samfunnshus
  4. november      Askvoll Idrettshall
  5. november      Ålhus, Borgja
  8. november      Nordfjordeid, Operahuset
  9. november      Stryn kulturhus
10. november      Åheim, Olivinhallen
11. november      Sandane, Trivselshagen
15. november      Øvre Årdal, Årdal Kulturhus
16. november      Aurland Samfunnshus
17. november      Sogndal Kulturhus
18. november      Høyanger Samfunnshus
19. november      Førdehuset, Teatersalen

 


Première 29. oktober
Førdehuset, Teatersalen, Black Box


AV
Roland Schimmelpfennig

OMSETJING
Maria Tryti Vennerød

REGI
Terje Skonseng Naudeer

VIDEODESIGN
Åsmund Bøe

LYSDESIGN
Krystian Myska

LYD
Robert Tomkiewicz

INSPISIENT
Agnes Alisøy

TEKNIKK
Halldor Horne
Kjell Furevik
 

Foto: Oddleiv Apneseth