Kjærleikens ferjereiser

Romanen Kjærleikens ferjereiser av Edvard Hoem kom ut for første gong i 1974 og vart innstilt til Nordisk Råds litteraturpris. Romanen er like aktuell i dag som då den kom ut for 40 år sidan, og blir no teken til scena i ein storslagen musikal med populærmusikk!

Opplev den største oppsetjinga ved Sogn og Fjordane Teater nokon gong. Vi følgjer ein forfattars tankar tilbake til ei tid han for lengst er ferdig med. Til Ramvik, denne forblåste plassen som ingen nokon gong har høyrt om. Til eit samfunn som for lengst er forelda. Og menneske han knapt kan hugse. Men sjølvsagt hugsar han dei, når han tenkjer seg om. Han gjer jo det: forelskinga, festen, ferja, kjøkkenet, rutebilkaféen, hybelen, hotellet, regnet? Det helsikes regnet.

Kjærleikens ferjereiser blir ein fest for både auga og øyra, ikkje minst gjennom Henning Sommeros fantastiske musikk. 

Kjærleikens ferjereiser skal gjeste Hordaland Teater etter turneen i Sogn og Fjordane. 


Urpremiére torsdag 11. september. Speleperiode i Sogn og Fjordane 12. september - 3. oktober. Speleperiode i Hordaland 10. - 24. oktober.


AV
Edvard Hoem

KOMPONIST
Henning Sommerro

REGI
Yngve Sundvor

SCENOGRAFI OG KOSTYMEDESIGN
Bodil Bay Schultz

KOREOGRAFI
Ingeleiv Berstad

LYSDESIGN
Reidar Andreas Richardsen

SKODESPELARAR/

SONGARAR/
DANSARAR

Gunhild Hjertaas
Fredrik Høstaker
Katrine L. Mackenzie
Terje Tjøme Mossige
Kyrre Eikås Ottersen
Kristina Søetorp
Lars Sørbø
Ståle Ytterli
Linda Øvrebø

MUSIKARAR
Harald Dahlstrøm
Trond G. Dale
Edvard Mjanger
Ole Thomsen