Kinnaspelet

Songen ved det store djup

Sidan starten i 1985 har SoFt vore med og produsert dette tradisjonsrike spelet på Kinn. I løpet av desse årahar kring 85 000 sett spelet. Den storslåtte naturen og det naturlege lune amfiet innunder Kinnafjellet, skiftande hav og ein høg himmel som bakteppe – ja, berre båtreisa ut til øya gjer Kinnaspelet til noko du ber med deg i lang tid.

Innføringa av remformasjonen i 1537 er ramma kring spelet, Kongens fut kjem med bod om dette til Kinn. Samstundes gjer han kjent at alt kyrkjegods er annektert av krona, og at Norge er gjort til lydrike under Danmark. Gjennom eit spel i spelet er vi vitne til at den irske, kristne prinsessa Sunniva flyktar frå heidenske vikingar. Ho driv i land her på kysten og vert Sankt Sunniva av Selje.

Medverkande i oversikten til høgre er dei som var med i årets spel
22. og 23. juni.

For meir informasjon sjå Kinnaspelet.no.

 


Blir spelt på øya Kinn utanfor Florø kvart år i juni.


AV
Rolf Losnegård

KOMPONIST
Per Janke Jørgensen

REGI
Miriam Prestøy Lie

KOREOGRAF

Kristin Ryg Helgebostad

MEDVERKANDE
Oda Alisøy
Lars Holstad Berge Kyrre Eikås Ottersen Idun Losnegård
Lars Sørbø

MUSIKARAR
Oddmar Amundsen
Adele Halten
Rolf Prestø
Aage Vaksdal
Frank Jakobsen

I tillegg er det med ca. 150 amatørar og kor.