Kinnaspelet

Kinnaspelet - Songen ved det store djup

Sidan starten i 1985 har Sogn og Fjordane teater vore med og produsert dette tradisjonsrike spelet på Kinn. I løpet av desse åra har nærare 100 000 sett spelet. Den storslåtte naturen og det naturlege lune amfiet innunder Kinnafjellet, skiftande hav og ein høg himmel som bakteppe – ja, berre båtreisa ut til øya gjer Kinnaspelet til noko du ber med deg i lang tid.

Innføringa av reformasjonen i 1537 er ramma kring spelet. Kongens fut kjem med bod om dette til Kinn. Samstundes gjer han kjent at alt kyrkjegods er annektert av krona, og at Norge er gjort til eit lydrike under Danmark. Gjennom eit spel i spelet er vi vitne til at den irske, kristne prinsessa Sunniva flyktar frå heidenske vikingar. Ho driv i land her på kysten og vert Sankta Sunniva av Selje.

 


Speleperiode: 18. og 19. juni på Kinn


AV
Rolf Losnegård

MUSIKK
Per Janke Jørgensen

REGI
Jeff Pedersen

MEDVERKANDE
Reidun Melvær Berge, Peter Førde, Idun Losnegård,  Kyrre Eikås Ottersen, Randolf Walderhaug, m.fl.