Katrine Lunde Mackenzie

Katrine er skodespelar og debuterte på teater An der Wien i Østerrike i 1994. Sidan debuten har ho jobba med musikkteater og teater i ulike former og sjangrar. Katrine har vært tilknytt Trøndelag Teater, DNS, Hordaland Teater og SoFt. I tillegg til private teater i Norge. Ho har også mellom anna jobba med musikkteater i Tyskland og ved Lyric Hammersmith, London. Katrine har også produsert ei eiga framsyning, med utgangspunkt i Olav H Hauge og Ragnar Hovland sine tekstar, i samarbeid med Teatergarasjen i Bergen. Forutan å spele syng Katrine og har reist mykje med fylkeskonsertane og gjeve eigne konsertar. Katrine har tidlegare medverka ved SoFt med framsyninganeTyl (2010/11), Få meg på, for faen (2011), Absolutt Per (2012) og samarbeidsproduksjonen Ein god dag kjem aldri for tidleg i 2013.

 

Urpremière torsdag
11. september. 


Speleperiode i Sogn og Fjordane 12. september -3. oktober. Speleperiode i Hordaland 10. - 24. oktober.


AV
Edvard Hoem

KOMPONIST
Henning Sommerro

REGI
Yngve Sundvor

SCENOGRAFI OG KOSTYMEDESIGN
Bodil Bay Schultz

KOREOGRAFI
Ingeleiv Berstad

LYSDESIGN
Reidar Andreas Richardsen

SKODESPELARAR/

SONGARAR/
DANSARAR

Gunhild Hjertaas
Fredrik Høstaker
Katrine L. Mackenzie
Terje Tjøme Mossige
Kyrre Eikås Ottersen
Kristina Søetorp
Lars Sørbø
Ståle Ytterli
Linda Øvrebø

MUSIKARAR
Harald Dahlstrøm
Trond G. Dale
Edvard Mjanger
Ole Thomsen