Sogn og Fjordane Teater inviterer til samarbeid med tre kulturskular i fylket:
Florø Kulturskule, Førde og Naustdal Kulturskule og Jølster kulturskule.

Julekrybba er eit spel der handlinga er bygd på juleevangeliet og andre tekstar få Det Nye Testamentet. Kristi fødsel og omstenda rundt den står i sentrum. Evangeliet kan symbolisere håp, synt gjennom det nyfødde barnet. Eit barn blir født, eit nytt lys vert tent og gir oss håp.

Musikken i framsyninga er kjende og ukjende julesongar. Julekrybba er ein stor kostymeproduksjon med over 30 ulike kostyme, som vert produsert på teateret etter inspirasjon frå seinmiddelalderen og renessansen.

Prøveperioden blir hausten 2016, frå skulestart til première, med om lag 90 elevar i alderen 8-19 år.

 

MEDVERKANDE
Reidun Melvær Berge
20 elevar ved Flora Kulturskule
30 elevar ved Førde og Naustdal Kulturskule
30 elevar ved Jølster kulturskule

Organistar:
Asbjørn Flåm
Rune Molvik
Sebastian Dietrich Ryll

Framsyningar:
27. november Naustdal kyrkje kl 16:00
27. november Naustdal kyrkje kl 18:00
4. desember Helgheim kyrkje kl 16:00
4. desember Helgheim kyrkje kl 18:00
11. desember Florø kyrkje kl 16:00    
11. desember Florø kyrkje kl 18:00

 


Première:
Naustdal kyrkje  27. nov.

Helgheim kyrkje 4. des.
Florø kyrkje 11. des.


TILRETTELAGT AV
Bentein Baardson og
Bodil Kvamme

REGI 
Jeff Pedersen

KULTURSKULE-
ANSVARLEGE:
Karen Helga Maurstig
Reidun Støfring

Oda Alisøy

PROSJEKTLEIAR
Reidun Støfring

KOSTYMEDESIGN
Else Lund

LYSDESIGN
Kristian Myska