Edvard Hoem om Mors og fars historie

Ein av norges mest prislønte forfattarar, Edvard Hoem, fortel om Mors og fars historie (Oktober forlag 2005). Her får du høyre om kjærleikshistoria til foreldra. I utgangspunktet var det inga kjærleikshistorie, i det minste ikkje frå mora si side. For henne var det eit fornuftsekteskap som ho takka ja til i ein vanskeleg livssituasjon. Himmelen må vite kva som gjekk av faren, ifølge Hoem sjølv. Han foreslo ekteskap da han såg mora for første gong! Heilt til Hoem var over femti år gammal, var detaljane i dette ukjent for han. Men tidleg visste han at det var noko i mora og farens liv som det ikkje skulle snakkast om. I boka Mors og fars historie fortel han om korleis han soom seksåring spurde mora om ho elska faren. Ho gav han eit svar som han skulle gruble på mange gonger seinare:

Eg var ikkje så glad i far din da eg kom saman med han, men eg vart glad i han, for han var trufast, og truskap er like viktig som kjærleik. Kva skulle det bety alt saman?

Mors og fars historie hentar handlinga frå etterkrigstida og er ei forteljing om korles mor og far traff kvarandre. Om predikanten som møtte ei ung kvinne med ei problematisk fortid, om sorg og svik, men først og fremst om livsvilje, val og forsoning.


Førdehuset, Teatersalen måndag 2. desember kl 1900