Première 1. september 2017

 

I Fugletribunalet møter vi Allis. Hendingar i livet hennar har gjort henne sky og sjølvstraffande. Ho er på flukt frå sitt eige liv. I ein avsides vestlandsfjord finn ho eit nytt tilvære med den mystiske Sigurd Bagge. Akkurat som ho ber Bagge også på ei hending han sonar. Som Bagge si hushjelp deler ho hans heim og eit taust felleskap. Etter kvart som tida går, vert to ting meir og meir påtrengande. Det eine er at Bagge skjuler ein stor løyndom. Det andre er at dragninga mot han set djupare og djupare spor i henne. Fugletribunalet er ei thrillerprega og lada forteljing om skuld og soning.

Etter ein sterk debut med "Veke 53", sette forfattar Agnes Ravatn seg tydeleg på kartet som ei ny stemme i den vestnorske litteraturen. I sine tekstar går ho tett inn på dei menneskelege vegskilja, og korleis samspel med andre også er sterkt betinga av eige sjølvbilete og livssituasjon. Ho evnar å etablere eit blikk som både går ut i samfunn og relasjonar, men samstundes er sterkt forankra i hovudpersonen sin sjølvrefleksjon. Her treffer ho noko grunnleggande menneskeleg – og kanskje er det noko av forklaringa på Ravatn sin store popularitet. Mange kan kjenne seg igjen i karakterane hennar. 

 

MEDVERKANDE
Anne E. Kokkinn, Kyrre Eikås Ottersen
Anne Guri Tvedt, Atle Hoff, Stephanie Mowinckel

AV Agnes Ravatn
DRAMATISERT AV Ingrid Weme Nilsen
BEARBEIDING/REGI Trond Lie
SCENOGRAFI/KOSTYME Kari Gravklev
LYSDESIGN Krystian Myska
Teaterforlaget Songbird AS www.songbirdteater.com