I 2017 er det 40 år sidan eventyret Sogn og Fjordane Teater starta. Dette skal feirast, og jubileumsframsyninga vert den musikalske komedien «Evig ung», med première 10. februar 2017.

I teaterframsyninga "Evig Ung" flyttar vi fram til ei tid der Sogn og Fjordan Teater no fungerer som ein gamleheim for tidlegare skodespelarar. Dei avdanka skodespelarane har resignert mot overformynderi og nedlatande aktiviseringstiltak - heilt til pleiarane snur ryggen til. For under den trøytte overflata murrar ekkoet frå ei tid då dei var radikale og opprørske. Og når pleiarane ikkje ser og ikkje høyrer, vert dei indre rebellane vekte til live att. Det bryt ut song, latter og dans, og dei presterer som dei gjorde på scena for 40 år sidan. Det er framleis mykje saft og kraft i desse kroppane, og dei er slett ikkje så resignerte som det kan sjå ut som. Når ingen ser dei, minnest dei karrierane sine og tida på Sogn og Fjordane Teater gjennom song og musikk. Ved pianoet på scena finn vi pianist Harald Dahlstrøm, som akkompagnerer skodespelarane i kjende pop- og rockelåtar frå dei siste 50 åra. Songane vi kjenner så godt er blant anna «You can leave your hat on»,  «I love rock and roll», «Stayin alive» og «I got you babe». Lokale folkekjære songar finn også sin plass i denne framsyninga. 

Då Erik Gedeons komedie, "Evig Ung" blei laga første gong, klarte eit økonomisk pressa teater i Sverige å fylle seta og begeistre publikum med sin vitale sjarmoffensiv. Blant fleire legendariske hits peikar ” I will survive” seg kanskje sterkast ut som betegnande for livsviljen som står så sentralt i dette stoffet. I latteren, varmen og gjenkjenninga som denne framsyninga byr på, ligg det ei påminning om at vi aldri må resignere og slutte med å uttrykke oss, og at i pressa tider står vi best saman.

Sidan den gongen har fleire versjonar møtt sitt publikum rundt om i verda. Sogn og Fjordane Teater sin "Evig Ung" er nettopp Sogn og Fjordane Teater sin. Den er ein hyllest til tidlegare framsyningar, eit høve til å dyrke felles minne og nynne med på ein song. Mellom latter, singalong  og musikalske perler ligg også eit varsku om at vi må hugse å verne om desse stundene. Hugse å sjå framover også når vi minnest, så vi kan trygge rammene for å dele opplevingar, kunst og kultur med kvarandre, også i framtida. 

Artikkel: EVIG UNG - LIVSGLEDE UTAN ALDERSGRENSE 

 

SPELEPLAN/BILLETTAR:
10. februar        Førde, Teatersalen Premiére
 11. februar       Førde, Teatersalen
15. februar        Askvoll idrettshall
16. februar        Dale, Fjalerhallen
17. februar        Høyanger Samfunnshus
18. februar        Flora samfunnshus
21. februar        Solund, Idrettsbygg Hardbakke
22. februar        Knarvik, Nordhordlandshallen
23. februar        Bergen, Hordaland Teater, Logen
24. februar        Bergen, Hordaland Teater, Logen
25. februar        Bergen, Hordaland Teater, Logen, matiné
25. februar        Bergen, Hordaland Teater, Logen
28. februar        Stryn kulturhus
  1. mars           Sandane, Trivselshagen
  2. mars           Måløy, Nordfjordhallen
  3. mars           Nordfjordeid, Operahuset
  4. mars           Førde, Storsalen FESTFRAMSYNING!
  7. mars           Øvre Årdal Samfunnshus
  8. mars           Aurland idrett- og samfunnshus
  9. mars           Sogndal kulturhus
10. mars           Vik, Blixhalli
11. mars           Balestrand, Belehalli

              

 

 

 

AV Erik Gedeon
OMSETJING Marit Tusvik
REGI Hilde Sol Erdal
SCENOGRAFI/
KOSTYMEDESIGN Åse Hegrenes
MASKE Helena Andersson
LYSDESIGN Krystian Myska
Teaterforlag Colombine

MEDVERKANDE: 
Claus Sellevoll
Elisabeth Moberg
Harald Dahlstrøm
Idun Losnegård
Oda Alisøy
Sigurd Sele
Stig-Werner Moe