Eventyrrommet

Bli med til eventyrland! 

Det var ein gong ei prinsesse, tre røvarar, eller ei heks i eit hus i skogen? Det var ein gong nokon tok deg på fanget og fortalde deg eit eventyr som du aldri gløymer. Eventyra har fått sitt eige rom på teatret – Eventyrrommet. Askeladden og dei andre smiler spøkefullt til borna frå veggane. Vi vil fortelje eventyra på nytt, til nye born, slik at dei får eige eit slikt minne, slik at dei kan reise langt og lenger enn langt, og drøyme seg vekk til ei anna verd. Snipp, snapp snute var er dei ute av Eventyrrommet, men med ein gøymd skatt i hjartet sitt.

Kunstnaren Charlotte Rintler har designa og måla heile Eventyrrommet. Her finn du 55 ulike eventyr på veggane. Charlotte har skapt ei heilt eiga atmosfære som skal setje oss alle i ei unik stemning. I Eventyrrommet er det skodespelarane våre Reidun Melvær Berge, Idun Losnegård og Kyrre Eikås Ottersen som les eventyr, dramatiserer og kanskje også syng for ungane.




Eventyrrommet
2. etg i Førdehuset

 


Neste framsyningar:
Laurdag 12. august kl 12:30 Eventyr frå Asbjørnsen og Moe
Laurdag 19. august kl 12:30 Eventyr frå Asbjørnsen og Moe
Laurdag 26. august kl 12:30 Eventyr frå Asbjørnsen og Moe