Startside
 

Kinnaspelet

Songen ved det store djup

av Rolf Losnegård

Komponist Per Janke Jørgensen


Foto: Arne Stubhaug

Sidan starten i 1985 har SoFt vore med og produsert dette tradisjonsrike spelet på Kinn. Den storslåtte naturen og det naturlege lune amfiet innunder Kinnafjellet, skiftande hav og ein høg himmel som bakteppe – ja, berre båtreisa ut til øya gjer Kinnaspelet til noko du ber med deg i lang tid.

Innføringa av remformasjonen i 1537 er ramma kring spelet, Kongens fut kjem med bod om dette til Kinn. Samstundes gjer han kjent at alt kyrkjegods er annektert av krona, og at Norge er gjort til lydrike under Danmark. Gjennom eit spel i spelet er vi vitne til at den irske, kristne prinsessa Sunniva flyktar frå heidenske vikingar. Ho driv i land her på kysten og vert Sankt Sunniva av Selje.

Instruktør: Bodil Kvamme
Borni: Katrine Dale
Tarve: Kyrre Eikås Ottersen
Fut: Morten Røhrt

Prest: Roger Hilleren
Margrethe: Gro Ann Uthaug
Musikalt leiar: Per Janke Jørgensen

 

I tillegg er det med over 150 amatørar, statistar, kor og musikararar.
 

Blir spelt på Kinn laurdag 19. juni og søndag 20. juni 2010.