|
Vi er i Mozart sitt sommarhus i Sunnfjord, juni 2010. Susanna ventar på brev og notar frå Mozart. Han er i Wien og skriv ein opera der Susanna skal ha hovudrolla som Susanna. Mozart er ute i siste liten og siste akt av operaen ser ikkje ut til å bli ferdig i tide, men Mozart veit råd. Han spør Oddvar Torsheim om hjelp i eit brev, ha bur jo i Nynorskens Skog rett ved sommarhuset.
Susanna har lenge sett fram til å spele gresk gudinne, men denne draumen ser ikkje ut til å bli verkeleg når regissøren Wolfgang Oddvartzen dukkar opp frå Wien og Eg og Meg og Mona viklar seg inn...
Operaen er ein fantasi krinsa rundt Susanna-figuren frå Figaros Bryllaup av W.A Mozart og silketrykket til Oddvar Torsheim frå 1971, Susanna frå Sunnfjord.
Stram komposisjon og mylder sett i system kjenneteikner dei begge og kvinna deira viktigaste muse. Susanna frå Sunnfjord er ein uhøgtideleg leik og inngangsport til to kunstnarar. Velkomen til ein komisk opera i det grøne Sunnfjord.
Regi: Erlend Samnøen Pianist: Ivar Anton Waagaard Dramaturg: Bodil Kvamme Susanna: Jorunn Torsheim
Postbod/regissør frå Wien: Erlend Samnøen
I samarbeid med Åmot gard. Blir spelt fredag 4. og laurdag 5. juni 2010 på Åmot gard. |