Sogn og Fjordane Teater (SoFt) nådde eit publikumstal på 17 477 i 2009. Dette er 500 personar færre enn året før, men likevel over målsettinga på 15 000.
Skodespelar Mads Sjøgård Pettersen (25), som no er engasjert ved SoFt, vann Amandapris i kategorien beste mannlege birolle for rolla som den homofobe Ulrik i filmen Nord.
Simons historie av Stig Amdam er nominert til Gullsekken 2009 for beste produksjon. Prisen vert delt ut 17. mars under fagdagane for Den kulturelle skulesekken (DKS) på Hamar. Prisen er på 100 000 kroner. Blir Gullsekken 2009 tildelt Simons historie er dette femte prisen knytta til Sogn og Fjordane Teater sidan 2005.
Teatersjef Terje Lyngstad ved Sogn og Fjordane Teater (SoFt) la vekt på spenningsmomentet når han lanserte repertoaret for pressa måndag 26. januar. Heile ti produksjonar – deriblant fire urpremierar – står på programmet. Først ut er Hyttekoz av Hans Sande.
Edvard Hoem fekk Ibsenprisen for Mikal Hetles siste ord. Årets Ibsenpris vart delt ut i samband med Skien internasjonale Ibsenkonferanse - Artisctic freedom. Myths and realities i Skien 1. september. Ibsenprisen vart delt ut for første gong i 1986 og er på 150 000 kroner og ein statuett av kunstnaren Nina Sundbye. Kulturminister Trond Giske delte ut prisen.