Startside
 

Tyl
av Halvor Folgerø og Finn Tokvam

dramatisert av Bodil Kvamme

Tyl
Teaterstykket Tyl er basert på den sorgmuntre og humoristiske romanen med same namn. Vi møter Ove Ullkvam som er lei av det rutineprega livet som postmann og fylller dagane med musikken til Charlie Parker. Medan kompisen Ragnar er meir enn inspirert av artisten Olav Stedje.  I fylla skriv Ove og Ragnar ein avtale som forandrar alt. Ein avtale som skal hjelpe Ove med å finne seg sjølv. Men, Ove finn mykje anna òg. Blant anna den store kjærleiken.

Regi: Arvid Ones
Dramaturg: Bodil Kvamme
Scenografi og kostymedesign: Silje Sandodden Kise
Medverkande: Cato Jensen, Claus Sellevoll, Kyrre Eikås Ottersen, Katrine Lunde, Tiril Engelstad, Aage Vaksdal, Oddmar Amundsen og Per Janke-Jørgensen

Urpremiere fredag 10. desember. På turnè i Sogn og Fjordane i januar 2011.