Startside
 

Du ana'kje

av Aslak Moe


Tor Henning Karlsen

Når elevane kjem inn i klasserommet for å sjå teater står det en mann der og gjer reint.

 Etter kvart viser det seg at får han ikkje gjort seg ferdig med dette klasserommet no, kan han misse jobben. Og misser han jobben, misser han det som held han oppe.
 
Du ana'kje er basert på opplevingane til Tor Henning Karlsen frå Eikefjord. Tor Henning vart mobba gjennom det meste av skuletida. Som vaksen gjekk han til sak mot Flora kommune for tapt undervisning. I dag er han i midten av tredveåra, uføretrygda, men i full jobb som reinhaldar i Førde kommune, på skulane og i barnehagane.

I Du ana'kje spelar Kyrre Eikås Ottersen ein overlevar som kjempar dagleg med å kome seg opp av senga og takle angsten og demonane frå skuletida. Klasserommet, som tidlegare var fengselet hans, er no arbeidsplassen hans.

Han fortel den dramatiske historia om livet sitt, om korleis han fekk livet øydelagt på skulen. Og om korleis han har brukt dei neste tjue åra på å bygge det opp igjen.

Han gjer det ikkje så mykje for pengane. Han gjer det meir som ein reinsingsprosess - ikkje av linoleumsgolv, men av sitt eige sinn.

Urpremiere i Eikefjord fredag 3. september. På turnè i skulane i Sogn og Fjordane i 2010-2011.