Stykket "Du ana'kje" av Aslak Moe har premiere i Eikefjord fredag 3. september. Over 3000 elevar skal sjå framsyning fram til sommaren. Framsyninga går berre på klasserom i skulane. Stykket handlar om mobbing, og det er Tor Henning Karlsen si historie som har inspirert til stykket.
[1. september 2010]
Heddanominasjon til SOFT
Sogn og Fjordane Teater er nominert i "open klasse" til Heddaprisen. Vi er nominert for å presentere ny nynorsk dramatikk. Vi er nominert for å presentere regionalt stoff. Vi er regionteatret med stor R!
[17. juni 2010]
"Brenning-mysteriet" til scena under tittelen "To levande og to døde"
Teatret skal etter jul setje opp eit drama om krig og kjærleik basert på soga om firebarnsmora som rømde med ein av fienden sine soldatar i 1943. Dei rømde via Askvoll, Naustdal, Hyen, Lotsberg og Stryn vidare austover til Gudbrandsdalen og Sverige. Der levde dei utan å gi livsteikn frå seg i mange år etterpå. To karar frå Brendsdal i Hyllestad skyssa dei eitt stykke på vegen med båten sin. Desse to karane vart aldri funne att, og det rømde paret legg eit slør over historia. Båten ”Brennning” vart funnen i Gjøringebøvika i Førdefjorden på 70-talet, saman med patroner og tomhylser. Mange trur at karane vart tekne av dage av den væpna soldaten. Otto Homlung skal vere regissør. Han har skrive stykket basert på boka "To levande og to døde" av Egil Ulateig.