Startside
 

Ishuset

av Marit Tusvik


Foto: Oddleiv Apneseth

Ishuset er ei underhaldande og
frodig familiekrønike
med handlinga lagt til eit vestlandsmiljø, der typane i stykket er lette å dra kjensel på, kvar på sine vis. Ishuset er ein av dei største produksjonane til SoFt dei siste åra med heile sju personar på scena. Du får følgje ein familie gjennom ein heil generasjon, og blir kjent med Mads,
som saman med dottera Johanne reiser tilbake til barndomsheimen. Der finn dei Mads sine to sure og innbitte brør gå ikring på gardstunet. Dei gjer fint lite, bortsett frå å klage og syte og tygge på kromkaker. Dei to søstrene til Mads er det meir tak i. Dei drøymer om kjærastane som reiste til Amerika og ventar på at dei skal kome tilbake. I mellomtida tek dei for seg av livets goder. Dei friske og frodige kvinnene har ingen problem med å nyte livet og mennene som kjem til gards, trass i at vilkåra deira ikkje alltid er dei beste.

 

Marit Tusvik gav ut romanen Ishuset på Aschehoug forlag i 1991. I år har ho skrive skodespelet Ishuset, eit kraftfullt drama fullt av humor og varme.

  

Regi: Bodil Kvamme

Scenografi og kostyme: Åse Hegrenes
Lysdesign: Torkel Skjærven

Lyddesign: Jørgen Knudsen

Medverkande: Urmila Berg-Domaas, Elise Eide, Kyrre Eikås Ottersen, Idun Losnegård,  Roger Hilleren, Espen Sandvik og Kristoffer Sagmo Aalberg.

 

Ishuset har urpremiere i Førde fredag 11. desember kl 1800 og skal på turnè i Sogn og Fjordane i januar 2010.

Speleplan

 


Ishuset med urpremiere fredag!
Familiekrønikeren Ishuset av Marit Tusvik får urpremiere fredag 11. desember kl 1800 i Teatersalen, Førdehuset. Urpremièren er full, men det er framleis ledige plassar på resten av framsyningane. Sjå heile speleplanen her.

[7. desember 2009]