Repertoaret inneheld åtte produksjonar,
deriblant fire urpremierar.
Først ut på turné i januar er Ishuset av Marit Tusvik. Stykket fekk strålande kritikkar etter urpremieren 11. desember i fjor, og turneen har starta med godt besøk og fine tilbakemeldingar frå publikum.
Sogn og Fjordane Teater (SoFt) har dei siste åra samarbeidd godt med Den Nationale Scene (DNS) i Bergen. I år samarbeider vi om stykket Døden av Mick Gordon og Marie de Hennezel, der den tredje og viktigaste samarbeidspartnaren er Bergen Prosjektteater. Stykket er eit unikt vitnesbyrd frå den høgst private siste tida i livet – og eit viktig bidrag i den offentlege samtalen om dødshjelp. Stykket har premiere på Lille Scene på DNS 22. januar.
Visjonen til Soft er å røre folk med opplevingar dei ikkje har hatt før, tufta på verdiane engasjert, modig og inkluderande. Gjennom fleire år har vi gjort det ved å setje opp nye stykke med røter i vår eigen identitet – gjerne gjennom bruk av historier herifrå, eller dramatikarar som bruker i det vestnorske språket. Men, historiene herifrå blir gode berre om dei har ein universal verdi, om dei kan bety noko for oss som menneske, uavhengig av kor vi kjem frå og kven vi er. Slik håper og trur vi at våre teaterstykke òg vil bli opplevd.
Stoppestaden av Julian Garner – med premiere 26. februar – er unntaket som stadfestar regelen. Stykket har vore sett opp tidlegare, både på Torshovteatret og på Trøndelag Teater. Nokre gonger skal ein ikkje grunngi val av stykke ut frå andre grunnar enn at historien som blir fortalt er så god at det er vanskeleg å la vere. Stoppestaden er eit slikt stykke – ein psykologisk thriller av beste merke.
26. mars er det klart for urpremiere på Matias Orheim – med felespel, ord og glasmusikk, eit stykke om salmediktaren frå Stårheim, Matias Orheim, og kona hans, Marie. Stykket er skrive av Mette Brantzeg og Norvald Tveit. Teatret gler seg til å vitje kyrkjer over heile fylket med ei forestilling fylt av song, musikk og ein historie om to ekstraordinære menneske.
Vi har eitt gjestespel på programmet i vår. Ein av landets største skodespelarar, Bjørn Sundquist, gjestar teatret og Åmot Gard i Bygstad med På viddene av Henrik Ibsen i slutten av april. Gjestespelet er ein del av eit godt samarbeid med ein aktør i kulturlivet som deler kunstsynet, visjonen og verdiane til SoFt.
Kinnaspelet – Songen ved det store djup av Rolf Losnegård blir tradisjonen tru spelt i midten av juni – for 26. gong i år. Ny instruktør av året er Bodil Kvamme. Kvamme er tea
trets faste dramaturg. Ho har m.a. markert seg det siste året som instruktør for det kritikarroste stykket Ishuset av