Billettinformasjon

Du kan enkelt kjøpe billettar på nettet til alle våre framsyningar. Vi nyttar billettservice når vi ikkje spelar i kulturhus med eigne billettsystem. Billettservice har sal på Narvesen, på 815 33 133 og på billettservice.no

Når du tingar billettar, må du legge att ditt telefonnummer, då dette er ditt referansenummer. Bur du langt frå Narvesen og heller ikkje har høve til å skrive ut billettar frå nettet, kan du ringe 815 33 133 seinast fem virkedagar før framsyning og få billettane sende i posten. Det er sju dagars hentefrist på reserverte billettar. Dersom du tingar billettar under sju virkedagar før framsyning, er hentefrist seinast ein halv time før spelestart. Sal ved inngangen startar normalt ein time før spelestart. Kulturhus med andre billettsystem har eigne fristar.

Refusjon

Kjøpte billettar vert normalt ikkje refunderte. Blir ei framsyning avlyst vil du få refundert billettane dine der du kjøpte dei. Dersom billettane er kjøpte på billettservice.no, må du ringe 815 33 133 seinast 60 dagar etter framsyningsdato. Sjå elles heimesidene til dei ulike kulturhusa.

Prisar:

Billettavgift kjem i tillegg til prisane nedanfor (maks 20 kroner).

Billettprisane på våre ordinære framsyningar er:

Vaksen kr 230,-
Student/honnør/gruppe (min 5)/Firdakortet/medl.BoBmedlem/medl.Teaterlauget kr 180,-

Billettprisane på musikalar er noko dyrare grunna avgifter. Prisane er:

Vaksen kr 270-
Student/honnør/gruppe (min 5)/Firdakortet/medl.BoB/medl.Teaterlauget kr 220,-

Personar med betalar vanleg billettpris. Følgje går gratis mot å vise følgjekort.