Livsglede utan aldersgrense

Alderdom. Eit skrøpeleg ord. Så blodfattig og mistrøystig. Eller? Sogn og Fjordane Teater jubilerer med ei framsyning som gjer desse fordommane til skamme.

Startskotet for 40-årsjubileet vert markert med komedien Evig Ung. Som eit musikalsk fyrverkeri skal dette stykket sendast utover fylket - ei heilhjarta feiring av den ubendige livskrafta og livsgleda som slett ikkje let seg prege av nokon alder!

Regissør Hilde Sol Erdal gler seg til å presentere denne framsyninga som er så full av humor, song og energisk glede. Evig Ung er skrive av dramatikaren Erik Gedeon. Det har begeistra publikum stort i inn- og utland, men Sogn og Fjordane Teater gjer stykket til sitt, og viser fram både vestlandsk koloritt og musikk.

Handlinga går føre seg i framtida, der eit nedlagt Sogn og Fjordane Teater fungerer som gamleheim. Det er duka for absurde situasjonar og mykje komikk når konfliktane som rår på heimen får spele seg ut:

 "Bebuarane vi møter er tidlegare skodespelarar ved teateret. Dei vert hersa med av pleiaren Oda, men så fort ho går ut av rommet, vaknar dei gamle til liv med sine vitale krumspring. Det er eit leikande stykke med flotte songar framførte av dyktige skodespelarar som og er solide songarar", fortel Erdal.

Latterkrampe og gråten i halsen

Det skal også vere rom for alvor med ein tematikk som denne, og regissøren håpar blandinga av uforgløymeleg musikk, humor og ettertanke vil treffe publikum rett i hjarterøtene. Skodespelar og songar Elisabeth Moberg, kjend frå suksesstrioen Kvinner på randen, har verkeleg fått kjenne på svingande kjensler under prøveperioden for stykket:

"Det har vore litt av ei reise å øve inn Evig Ung. Eg ler så eg grin under prøvene - det er faktisk så morosamt! Samstundes kan eg plutseleg ta meg sjølv i å gråte på ekte, for det er nokre veldig rørande scener her også", seier ho.

Moberg meiner dessutan at ein ting er sikkert: Vi menneske har så mykje kraft, og alle har ei unik livshistorie! Difor er det å skulle bli sitjande passive og vere reduserte til «berre å vere gamle», ikkje noko særleg.

"Eg håpar vi kan vise eit anna bilete av eldre med denne framsyninga, og at Evig Ung kan minne oss på at inne i oss er vi vitale heile livet", legg Moberg til.

Musikalsk hitparade

På scena er det ikkje berre skodespelarane som får imponere med sine musikalske musklar, for med i ensemblet er også den erfarne musikaren Harald Dahlstrøm, som tidlegare har medverka i ei lang rekkje teateroppsetjingar. Gjennom heile stykket trakterer han pianoet og akkompagnerer skodespelarane i kjende pop- og rockelåtar frå dei siste femti åra. Dahlstrøm håpar og trur at Evig Ung kan vere ei hyllest til den eldre generasjonen. I tillegg får publikum oppleve mange gode låtar og skodespelarar med utrulege stemmer.

"Mange av situasjonane som oppstår er slike som folk lett kan kjenne seg igjen i, så humoren trur eg vil treffe publikum i alle aldrar", fortel Dahlstrøm.

Det musikalske repertoaret byr definitiv på noko for alle. Her høyrer du velkjende songar som «You Can Leave Your Hat On»,  «I Love Rock ‘N Roll», «Stayin’ Alive» og «I Got You Babe» - på ein heilt ny måte, og sidan dette er Sogn og Fjordane Teater sin versjon av Evig Ung, får publikum sjølvsagt også med seg lokale, folkekjære songar - for ikkje å gløyme ein unik versjon av «Kor e alle helter hen».

Både Dahlstrøm og Moberg gler seg stort til å kome i gang med framsyningane ute blant folk, både her i fylket og når turen går til Hordaland.

"Når det er gamle menneske som syng desse hitane, får dei ein ekstra dimensjon og ny betyding. Evig Ung har stor underhaldingsverdi, men også ei viktig djupne", avrundar Moberg.

 

Tekst: Sogn og Fjordane Teater // Foto: Oddleiv Apneseth