Ordet (i) si makt

 Korleis brukar vi eigentleg orda våre og språket vårt? Som middel til å dominere andre, eller til å frigjere med? Dette er eit sentralt emne når stykket Privattimen, eit djupt humoristisk angrep på makt, maktbruk og maktmisbruk, har premiere ved Sogn og Fjordane Teater 10.mars.

Året var 1951 då dramatikaren Eugène Ionesco, rekna som ein av dei fremste innan absurd teater, skreiv den burleske einaktaren han kalla Privattimen. I dette stykket møter publikum ein professor og eleven hans, som på tre veker skal drillast i pensum for å kunne bestå «den universelle doktorgrad». I eit verk spekka med overraskande innfall og overdriven, grotesk humor, viser Ionesco fram maktforholdet mellom den totalitære professoren og eleven som utan motspørsmål skal indoktrinerast til å akseptere dei etablerte sanningane.

– Teateret si oppgåve er jo å stille spørsmål, og det gjer verkeleg dette stykket, seier regissør Bentein Baardson, som med dette står bak si femte oppsetjing av Privattimen.

Baardson meiner at dette er eit stykke ein aldri vert ferdig med, og peikar på korleis den underliggjande tematikken viser seg å innta stadig nye, dagsaktuelle former i samfunnet vårt.

–  Privattimen handlar om maktbruk og -misbruk, og det er skremmande at dette er meir aktuelt no enn då eg jobba med stykket første gong. Vi trur at vi i periodar kan sjå gjennom maktmisbruk, at verda går framover. Men slikt misbruk går over i meir utspekulerte former og gjentek seg, fortel regissøren.

Professoren og Trump
Baardson sjølv rangerer Privattimen som det beste stykket til Ionesco, og meiner det er ei særs morosam framsyning som nyttar det humoristiske registeret til fulle. I møtet mellom professoren og eleven i stykket får publikum sjå alt frå det absurde og groteske til slapstick, farse og nærast stand up-show.

– Eleven i Privattimen vert tvungen til å lære seg absurde og uforståelege ting, men får ikkje svar på kvifor ho skal kunne dei. Dette trur eg alle som går, eller har gått på skulen ein gong, kan kjenne seg att i. Professoren her tek det til det ekstreme, men dette stykket handlar også om maktmisbruk på eit meir generelt nivå, ikkje berre i klasserommet, seier Baardson.

Regissøren hevdar vidare at ein ikkje treng henge seg for mykje opp i merkelappen «absurd» teater, og meiner at det absurde er noko vi alle kan kjenne att frå vår eigen kvardag.

– Donald Trump er eit nærliggjande døme. Det han gjer og seier er ofte både absurd og skremmande, endåtil så absurd at vår einaste respons vert å le, sjølv kor skremmande det er. I ei samanlikning av Trump og professoren i Privattimen finst det ubehageleg mange likskapar: Måten dei nyttar språket som maktmiddel på, og går inn for å drite ut eller ikkje anerkjenne personen dei pratar med, seier Baardson.

Mental og fysisk hardtrening
Privattimen er også ei framsyning som på fleire måtar er krevjande for hovudrolleinnehavarane Kyrre Eikås Ottersen og Reidun Melvær Berge. Bentein Baardson fortel at dette er eit stykke som ikkje alle skodespelarar meistrar.

– Dette stykket er plukka ut fordi Sogn og Fjordane Teater har skodespelarar som kan takle det. Å spele i Privattimen er utfordrande, både fysisk og psykisk. Øvingsperioden er hard trening for utøvarane, legg regissøren til.

Kyrre Eikås Ottersen, som spelar den herskesjuke professoren, fortel om korleis han verkeleg får brukt seg i arbeidet med den sprø verda til Ionesco:

– Det er ei utfordrande rolle med mykje tekst som skal leverast, og det skal så absolutt gå unna. Etter kvart kjem orda som ei mitraljøse! Og for å kunne spele professoren må eg grave i mine eigne trekk og skru dei ganske mykje til. Eg må finne min indre Trump, så å seie. Slik Trump reagerer når han vert voldsomt indignert kan også professoren finne på å reagere, seier Ottersen.

Skodespelaren haustar lovord frå Baardson, som meiner at Ottersen i dette stykket får anledning til å vise fram sitt veldige spenn for publikum.

– Kyrre er både ein sprintar og ein maratonløpar, som i tillegg til å spele på eit stort kjensleregister er ein dyktig humoristisk skodespelar. Alt dette får han brukt til det fulle her, seier regissøren, og legg til at heller ikkje Reidun Melvær Berge har ein enkel jobb i Privattimen:

– Vi rekna på det, og kom fram til at Reidun skal seie «eg har tannverk» heile 34 gonger! Så utfordringa hennar vert å gjere dette ulikt kvar gong, samstundes som ho vert bombardert med ord frå læraren, fortel Baardson.

Lattervekkjande tåkeprat
I Privattimen skildrar Ionesco menneske som ikkje gjer anna enn å prate, trass i at dei ikkje eigentleg har noko å prate om. Som publikummar sit ein og får oppleve korleis orda og språket i denne framsyninga kan brukast både til å tåkeleggje og forføre med - korleis det manipulerer. Regissør Bentein Baardson meiner likevel at ein ikkje må gløyme at dette også er rein moro:

– Alt det teoretiske treng ein eigentleg ikkje å tenke på når ein sit i salen, dette er jo eit veldig morosamt stykke. Det er burlesk, det er svart humor og ironi, og forfattaren sjølv kalla også Privattimen for eit komisk drama, avrundar han.

Tekst og foto: Sogn og Fjordane Teater