Nye eventyr på Sogn og Fjordane Teater

Haustprogrammet på Eventyrrommet er no klart! Først ut er eventyret om Hans og Grete av brødrene Grimm. Dette vert spelt helga 26.-27. august og 2.-3. september. Det er Kyrre Eikås Ottersen og Reidun Melvær Berge som presenterer dette eventyret. 

Denne hausten får vi også smakebitar av H.C. Andersen, grøss og julefortelingar. Nokre eventyr vert høgtlesing og nokre vert dramatiserte. Velkommen til eventyrrommet!

Klikk HER for speleplan og billettkjøp.