HAUSTPROGRAMMET 2016

Sogn og Fjordane Teater opnar hausten med ei feiande flott danseteaterframsyning! «På lokalet» tek oss med gjennom dei ulike tidsepokane frå 40- til 80-talet. Her vert det ungdommelege og tidsriktige kostyme og hår, og mykje nostalgisk musikk. «På lokalet» er ein hyllest til huset vi møttest i. Viss veggane kunne snakke, seier vi ofte, men her skal vi la dansen fortelje historia. Spelestadene vert i mange av dei flotte bygdehusa i Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane Teater har fått med 6 dyktige dansarar i denne produksjonen, blant andre Christer Tornell og Anette Stokke som er kjende frå «Skal vi danse». Regi og koreografi er ved Arne Fagerholt. Urpremière i Viking i Førde 2. september.

Intimscena Black Box skal ut på turné igjen, og denne gongen med teaterstykket «Kvinna frå før». Dette er ei kompromisslaus spenningshistorie. Eit ekstremt tett og nært stykke som stiller ein del modige spørsmål: Kor godt kjenner vi eigentleg dei vi har valt å dele livet med? Kor sårbar er tilliten mellom ektefolk? Kor trygt er det livet vi skapar for oss sjølve og våre næraste, når fortida kjem for å innhente oss? Kva er eigentleg dette løftet om kjærleik som vi gir kvarandre? «Kvinna frå før» er eit tysk samtidsdrama, og vert for første gong spelt på ei norsk scene. Regi ved Terje Skonseng Naudeer. Première i Teatersalen i Førde 29. oktober.

I november og desember vert det ei historisk ramme rundt juleførebuingane. «Juleevangeliet – Miriam si forteljing» har première i Stongfjorden kyrkje 18. november, og fortset i kyrkjene i fylket gjennom førjulstida. Her møter vi Idun Losnegård i rolla som Miriam, syster til Josef, og vi får høyre hennar forteljing om Jesu fødsel og hendingane rundt dette. 

Haustens storsatsing er «Julekrybba». Dette er eit samarbeid med kulturskulane i Florø, Førde, Naustdal og Jølster. Ca 90 born og ungdomar i alderen 8-19 år er med på desse ulike framsyningane. «Julekrybba»vert ei flott familieframsyning med storslåtte kostyme, julemusikk og vakker song. Spelestader er i Naustdal-, Helgheim- og Florø kyrkje dei tre første helgane i advent.  

På «Eventyrrommet» vert det program gjennom heile hausten. Innhaldet blir variert med skodespel, song og aktivitetar. Det kan og vere høgtlesing av nye og gamle eventyr for dei minste og skumle historier for dei større borna. Om «Eventyrrommet» seier teatersjef Bodil Kvamme: «Kunstnaren Charlotte Rintler har skapt ei makroverd, som eg trur vil fascinere dei fleste. I denne verda gjer skodespelarane dei ulike eventyrfigurane levande for borna. Den gode historia står i sentrum, og det er for meg det viktigaste med litteratur og teater. Dette skal vi gje til borna, lære dei å lytte, lære dei å nyte historia – eventyret.»

Vi gler oss til å presentere haustens program og treffe publikum rundt om i heile fylket! Turnéruta vår har 46 ulike spelestader denne hausten. Velkommen til Sogn og Fjordane Teater haustsesongen 2016!