Workshop "Innføring i maska" med The Krumple theatre company

The Krumple Innføring i maska

I denne workshopen vert heilmaska nytta som verktøy for å kunne fokusere på kroppsspråket som formidlande stemme. Maska kan, gjennom eit artikulert kroppsspel, formidle kjensler og stemningar på ein særeigen måte. 

Sjølv om maska er eit gamalt verkty, vil deltakarane oppdage korleis den kan ha ei MODERNE OG RELEVANT STEMME. Vi vil ta for oss ulike nivå av kroppskontroll, artikulasjon av gestar og reaksjonar, samt sjå på korleis vi kan formidle kjensler utan å snakke. Workshopen vil òg fokusere på karakterarbeid, og korleis vi gjennom gange og kroppshaldning kan skape ein karakter svært ulik oss sjølve.

Avhengig av tidlegare erfaring vil skodespelarane få høve til å prøve ut to ulike sett med masker: Larvemaska og ei arbeidsmaske med nokre enkle karakteristiske trekk - som passar godt for dei som ikkje har jobba mykje med maske før. Karaktermaska legg sterkare føringar på skodespelaren, men gir STØRRE OG MEIR NYANSERTE SPELEMOGLEGHEITER. Med karaktermaska vil gruppene jobbe fram små historier som vert vist på slutten av workshopen.

I denne workshopen vil deltakarane få høve til å lage si eiga maske, og oppdage kva for karakter som kjem ut av maska. 

Workshopen høver for alle med interesse for teater og dans. Du treng ikkje ha skodespelarerfaring, så lenge du er leiken og interessert i å prøve dette ut!

"Innføring i maska" er gratis for deltakarane.

Tidspunkt: 2., 4., og 6. mai kl 10:00-16:00

Søknad sender du til lene.grande@softeater.no innan 28. april.