"Så vakker du er" på Det Norske Teateret

Sogn og Fjordane teater tek "Så vakker du er" til Det Norske Teateret i Oslo!

20.-21. mai vert det 3 framsyningar av teaterstykket som fekk terningkast 5 i BT.

Erik Ulfsby, teatersjef ved Det Norske Teateret fortel lokalavisa Firda han ser fram til å vise "Så vakker du er" på teateret sitt. "Det er viktig for oss å opne teateret for gode framsyningar frå dei andre nynorske teatera. Vi veit at dette er ei spennande framsyning, og vil at fleire skal få sjansen til å sjå den".

OM Å GRIPE DEI SJANSANE LIVET GIR

"Vakkert og sårt om kjærlighet og død" - Bergens Tidende

"botnlaus sorg og ekstatisk lykke formidla med humor og eit musikalsk følgje som forsterkar alle kjenslene" - Scenekunst.no

"så kvardagsleg, dramatisk og så sann at det til tider nesten ikkje er til å halde ut" - Firda

Billettar til framsyninga finn du her:
http://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/sa-vakker-du-er/