Herr Kurtz og damene til Florø

Herr Kurtz og damene fekk ei flott mottaking av publikum etter premièren ved Dalsfjorden. No blir stykket, som er støtta av SoFt, sett opp i Florø 23. mai.

Karl Friedrich Kurtz var ein av dei største og mest populære tyske forfattarane på 1930 talet, men nesten ukjend i Norge. Han var óg ein produktiv kunstmålar. Livet hans var omgitt av mystikk i eit hus bak høge tre, piggtrådgjerde og vakthund. Huset stod i Vårdal ved Dalsfjorden i Sunnfjord.

Aldateateret presenterer for første gong den ukjende, dramatiske historia om kunstmålaren og forfattaren Karl Friedrich Kurz, hans liv og hans forhold til damene rundt han. 

Tekst: Rolf Losnegård. Regi og scenografi: Jeff Pedersen. Koreografi: Gareth Taylor. Medverkande: Idun Losnegård og Kyrre Eikaas Ottersen. Bildekonsulent: David Zadig.
Premiere laurdag 10. mai kl 18 på Verket Pub, Vårdalsnes ved Dalsfjorden.

Comfort Hotell Florø, Kysten Bar
Fredag 23. mai kl 18.00 og kl 20.00
Pris: kr 200

Førehandstinging på Comfort Hotell, telefon 913 49 101.