Vaffelhjarte på omfattande turné

Vaffelhjarte på omfattande turné

Vaffelhjarte av Maria Parr blir sett opp i eit samarbeid mellom Den Nationale Scene (DNS) og Sogn og Fjordane Teater (SoFt). Stykket skal ut på den mest omfattande turneen med Den kulturelle skulesekken nokon gong. I tillegg blir det sett opp ei kveldsframsyning i Førdehuset i starten av januar 2015.

Vaffelhjarte har urpremiére 10. oktober på DNS i Bergen og kjem til Sogn og Fjordane våren 2015. Planen er at grunnskuleelevane i Sogn og Fjordane skal få høve til å sjå stykket gjennom Den kulturelle skulesekken (DKS). Dette blir i så fall den mest omfattande skuleturneen i SoFt si historie. Turneen vil strekkje seg over ti veker med eit stykke som blir sett av nærare 10 000 elevar.

Boka om Trille og Lena sitt venskap har på rekordtid oppnådd klassikarstatus blant barn i mange land. Dei to niåringane lagar mykje liv og vaffelrøre, og sjølv om dei finn på rare sprell, landar dei alltid trygt på beina til sist. Anten det gjeld å sanke sauer eller å finne ein ny mann til Lenas mamma, tar dei utfordringane på strak arm. Mens det stormar som verst undrar Trille mest på ein ting - er Lena og han bestevener? Han er sikker på at Lena er bestevenen hans. Men han er ikkje sikker på om han er bestevenen til Lena.

Frå SoFt medverkar Idun Losnegård. Regissør Cecilie Mosli kan kunsten å formidle gode historier for dei yngste. Ho har tidligare stått for regi av fleire tv-seriar om Kaptein Sabeltann. I tillegg har ho hatt regien på den kritikarroste tv- serien «Mammon». 

vaffelhjarte_400x500m-softlogo.jpg