Ny teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater

BODIL KVAMME (58) er tilsett som ny teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater (SoFt). Stillinga er eit åremål på fire år, og Kvamme tek til i jobben 1.1.2016.

 

Bodil Kvamme er utdanna ved Universitetet i Bergen, Universitetet i Århus og ved Hochschule für Musikk und darstellende Kunst – Max Reinhardt Seminar. Ho har sidan 1986 arbeidd som frilans dramaturg, og sidan 1998 som sceneinstruktør.  Kvamme har vore knytt til produksjonar ved ei rekke institusjonar i Norge, m.a. Agder Teater, Den Nationale Scene, Det Norske Teatret, Nationaltheatret, NRK,  Riksteatret, Rogaland Teater og Trøndelag Teater. Ho har sidan 2004 vore dramaturg ved SoFt, og vore den næraste kunstnariske medarbeidaren til dagens teatersjef, Terje Lyngstad.

 

Ved SoFt har Kvamme hatt regien på fleire stykke, m.a. ”Ishuset” av Marit Tusvik, ”Dama i luka” av Maria Tryti Vennerød og ”My fair lady goes Sogn og Fjordane”, eit stykke ho skreiv saman med Marita Liabø.

 

Av andre produksjonar Kvamme har vore involvert i kan nemnast ”Hellemyrsfolket” (DNS), ”Draumkvedet” (Det Norske Teatret), ”Raskolnikov” (Riksteatret), ”Kristin Lavransdatter” (Trøndelag Teater), og ”Peer Gynt” (NRK). Seinast i vår hadde Kvamme regien på den kritikarroste framsyninga ”Jeg kommer tilbake i kveld” av Gaute Heivoll, eit stykke som vart ein publikumssuksess ved  Agder Teater i Kristiansand.

 

Styreleiar Håkon Fimland seier at SoFt har fått ein teatersjef som både har fagleg tyngde, og som har lang og brei røynsle frå arbeid med teater. -Bodil Kvamme er ein lagspelar som er svært motivert for jobben. Ho har eit sterkt nettverk, og har arbeidd tett med avgjerdstakarar i mange ulike teatermiljø i Norge. Kvamme har presentert mange spennande og nyskapande prosjekt for styret. Det er òg positivt at ho er glad i teatret og kjenner både det og fylket godt, seier Fimland.