21 500 på teater i 2013

SoFt nådde eit publikumstal på 21 500 besøkande i 2013. Målsettinga for fjoråret var 19 400 besøkande, så dette talet er SoFt godt nøgd med. I 2013 hadde SoFt ti produksjonar medrekna gjestespel og Kinnaspelet. Verksemda er i hovudsak fordelt på framsyningar i skular/barnehagar og opne framsyningar. I tillegg inkluderer verksemda nokre framsyningar spelte for organisasjonar/bedrifter. Produksjonen som peikar seg ut som største publikumsmagneten var «My fair lady goes Sogn og Fjordane» med 1756 besøkande. Det stykket som vart mest sett i faktiske tal var samarbeidsproduksjonen «Ein god dag kjem aldri for tidleg», som vart vist i tre fylke og sett av totalt 6 491 personar.