Aage Vaksdal

Aage har studert data og språk ved Universitetet i Bergen, teke musikklinja ved Voss Gymnas, og vore elev ved Musikkskulen på Voss. Han har arbeidd saman med Jon Eikemo i ei årrekkje, på turnè, og i nyoppsetjinga av Jakob Sande-framsyninga ved Det Norske Teatret i Oslo. Aage er òg medlem i orkesteret Aftenlandet, som har spesialisert seg på å tonesetta nynorsk lyrikk, og har gjeve ut seks cd-plater. Elles er han turnèmusikar, studiomusikar på tallause innspelingar med andre artistar, speler i rockeband og fått gleda av å spele med artistar som Jon Eikemo, Kenneth Sivertsen, Kari Bremnes og Herborg Kråkevik. Aage har tidlegare jobba på SoFt i stykket Tyl (2010), Kinnaspelet, Absolutt Per (2012), My fair lady goes Sogn og Fjordane (2013) og Mensen Ernst - løpekongen frå Sogn (2013).

 

Urpremiere i Førde torsdag
20. februar.

Speleperiode 21. februar -
29. mars


AV
Claus Sellevoll m.fl.

REGI:
Arvid Ones

MEDVERKANDE

Annlaug Børsheim
Claus Sellevoll
Olav Stedje
Aage Vaksdal