0+0=4

0+0=4 har fekk svært gode kritikkar av Firda: ".... kvifor blir ikkje saka gjenopptatt? Dette er ein av tankane ein går ut med etter å ha sett Thomas Bye sin strålande framsyning. Alt han seier treff publikum midt i hjartet. Og alt er fakta".

Då Thomas Bye spelte i Jens Bjørneboes stykke Tilfellet Torgersen i 2007, vart han overtydd om at Torgersen vart utsett for eit justismord. To veker før premièren fekk Torgersen avslag på gjenopptaking av saka si. For å forstå avslaget slukte Thomas alt han kom over av litteratur om justismord. Han blei nærast besatt, oppsøkte åstader, ringde vitne, skreiv teaterstykke, debattinnlegg og songar. Han stifta kjennskap med menneske som har brukt store deler av livet sitt på å prøve å frikjenne folk dei meiner er uskuldig dømde. I framsyninga gjer Thomas djupdykk i sakene til Fritz Moen og Per Liland, og finn dei same mønstra som i Torgersensaka og Hetlesaka. Ei rekkje indisium blir slegne saman til «eit samla bevisbilde». Er det slik at vi alle kan dømmast for mord i Norge, berre vi er uheldige nok?

I denne monologen fortel Thomas Bye si historie, og vi får eit innblikk i korleis eit menneske kan bli så oppslukt av eige engasjement at alt anna blir uviktig. 

Turneen i Sogn og Fjordane er avslutta. Dersom du er interessert i å sjå stykket, så kan du ta direkte kontakt med Thomas Bye.

Sjå heile speleplanen

 Sjå trailer for meir informasjon og publikumsreaksjonar frå prøver.


Urpremiere fredag
20. september i Fjordane Tingrett.

På turne i Sogn og Fjordane og Bergen 21. september - 18. oktober.


AV
Aslak Moe 
Thomas Bye

REGI
Aslak Moe

MEDVERKANDE
Thomas Bye


Medverkande